Terbinafin og erythema multiforme

Publisert  16.10.08

Biverknadsmeldinga gjeld kraftig erythema multiforme med intens kløe og hovne lepper hos ei kvinne i femtiåra som hadde brukt terbinafin tablettar 250 mg dagleg i 17 dagar. Terbinafin vart seponert og prednisolon starta opp. Ti dagar seinare var kvinna nesten restituert og fullstendig restitusjon er sannsynleg i følge meldar.

Kutane biverknader er rapportert hos 1-3 % av pasientane som bruker terbinafin, i hovudsak gjeld det mildt til moderat makulært eksantem. Også andre soppmiddel kan gje hudreaksjonar, og risikoen for alvorlege hudreaksjonar er størst ved bruk av itrakonazol, deretter terbinafin, flukonazol og griseofulvin (1).

Ti tilfelle av alvorlege hudreaksjonar sannsynleg assosiert med terbinafin er skildra i ein artikkel. Blant desse er 5 tilfelle av erythema multiforme, med liknande historikk: Symptoma oppstod 7-17 dager etter oppstart av terbinafin, som då vart seponert, og med peroral prednisolonbehandling vart pasienten restituert i laupet av to veker (1,2). Fleire rapportar om erythema multiforme assosiert med terbinafin fins i litteraturen, og det er også rapportert om forverra psoriasis og andre hudreaksjonar. Forfattarane foreslår at pasientar bør opplysast om å avbryte terbinafinbehandlinga dersom hudreaksjon oppstår og kontakte lege for vidare handtering (2).

I samsvar med WHO sine retningslinjer vurdererast samanhengen mellom terbinafin og erythema multiforme i dette tilfellet som sannsynleg.


Referanser:
1) Aronson JK, editor. Meyler's side effects of drugs 2006; 15th ed.; vol.6: 3317-8.
2) Gupta AK, Lynde CW et al. Cutaneous adverse effects associated with terbinafine therapy: 10 case reports and a review of the literature. Br J Dermatol 1998;138(3):529-32.

!  Merk deg

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser.
Den enkelte lege eller tannlege er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i eventuell pasientbehandling.